Skal gå hardt ut, og berre auke på

13.05.2022
  • Eg er kortaste mann på laget, og skal difor springe den kortaste etappen.

Forhandlingssjef i Helse Førde, Torstein Nygård, stiller på laget til HR-avdelinga i årets Helse Førde - stafett. Han har lagt opp ein strategi der han tenkjer å gå hardt ut frå start og deretter berre auke på utover i den 300 meter lange etappen.

  • Så du er i god form?
  • Nei, på ingen måte. Eg er ein fyr på 52 år som veg 98 kilo og har dårleg rygg.
  • Var det du som meldte deg frivillig til HR-laget?
  • Nei, det var gruppepress. Ei form for tvang, kan du seie.
  • Ser du føre deg hard konkurranse?
  • Eg håpar på det. Eg ønskjer meg massevis av konkurrentar. Og viss dei ikkje slår meg så blir eg skuffa. Eg tenkjer som så, at når eg kan delta i dette, så kan alle. Meld dykk på, alle som kan! Dette blir moro!
  • Skal du bruke dei siste vekene før stafetten til å finpusse formen?
  • Eg skal i alle fall la desse elsparkesyklane stå i fred.
  • Du får ha takk for praten, og lukke til i konkurransen.
  • Takk for det. Problemet med dette intervjuet er at no må eg stille opp. Eg kan jo ikkje trekke meg!

Velkommen til Helse Førde stafetten 2022 😊
Minner om påmeldingsfrist 13.juni.

Av: Per