Kirurgisk sengepost trenar spesifikt til stafetten

03.06.2022

I år har kirurgisk sengepost heile 3 lag som stiller til stafett! Dei har tenkt å satse knallhardt på Helse Førde stafetten sidan det er tre år sidan sist. No arrangerar dei fellestrening for alle tre laga fram mot stafetten.

Tidlegare lag frå kirurgisk sengepost
Tidlegare lag frå kirurgisk sengepost

Vi spør sjukepleiar Renate Berg frå kirugisk sengepost korleis dei har fått samla tre lag i år.

  • I år har vi samla yrkesgrupper frå kirurgisk sengepost på tvers. Både hjelpepleiar, legar og sjukepleiarar. Dette gjer at vi får tre gode lag.

Trur du dette gjer at dåke stiller sterkare enn andre år?

  • Tja, det er vanskeleg å sei. Det er ein aktiv gjeng som til vanleg driv med CrossFit, fjellturar, ski og springing.

Ligg dåke i hardtrening til stafetten no?

  • Vi skal ha felles trening fram mot stafetten ja. Der vi går igjennom løypa og trener litt anna i tillegg.

Kva er målet dykkar med Helse Førde stafetten?

  • Helse Førde stafetten bidreg til sosialt samvær med kollega på tvers av arbeidsgruppene utanfor jobb. Det trengs etter to år med pandemi. Vi har alle same mål.


Av: Johanne