Gjer som Tom, meld deg på Helse Førde stafetten!

24.05.2022

Gjer som Tom
Klinikkdirektør i kirurgisk klinikk, Tom Guldhav gler seg til Helse Førde stafetten.
Han arbeider med å få resten av føretaksleiinga med på laget. Alternativt stiller han i singelløp, men vi har tru på at han klarer å engasjere leiinga til å stille lag! 

Han arbeider med å få resten av føretaksleiinga med på laget. Alternativt stiller han i singelløp, men vi har tru på at han klarer å engasjere leiinga til å stille lag!

Tom gleder seg særskild til underhaldninga i år, denne er det Ola Skram skal stå for, dette blir veldig bra fortel han.

Neste treningsmål for Tom, er Sunnfjord Triatlon som han omtaler som eit stort mosjonsarrangement. Trialton består som kjent av symjing, sykling og til slutt spring ein. Tom er ivrig brukar av symjehallen om morgonen og får også litt tid på sykkelen.

I vestlandsvær og på vintertid blir sykkeltreninga gjort på Zwift, som er ein online, interaktiv treningsplattform der ein kan sykle saman med andre. Dette gjer terskelen for aktivitet lågare, då ein kan sykle inne i dårleg vær og det krev mindre tid og førebuingar.

Til slutt Tom: Har du nokre tips til dei som skal bli med på Helse Førde stafetten?

  • Ikkje start for hardt!
  • Og husk: det tar tid å endre vaner!

Velkommen til Helse Førde stafetten 2022 😊
Minner om påmeldingsfrist 13.juni.
Av: Helse Førde Stafetten