Frå null kontroll til full kontroll?

24.05.2022

Opphaveleg kalla stafettlaget til dåværande Avdeling for internkontroll seg for «Null kontroll». Året etter bytta dei namn til «Litt kontroll». I år har dei henta inn forsterkningar frå IKT-avdelinga og Helseatlas, så då blir det vel «Full kontroll»? Elller?

 Seksjon for kvalitet og pasienttryggleik

  • Det ville vi ikkje ha vedda på, for vi har ikkje dei største ambisjonane, seier dei to som er igjen frå den opphavelege lagoppstillinga frå 2015, Åse Elisabeth Stadheim og Hanne Vie. - Men vi stiller jo for å yte vårt beste, og det er jo det viktigaste trass alt.

Dei øvrige på laget er forutan Hanne og Åse Elisabeth også personvernombod Frode Hatten, IKT-sjef Frode Schanke og Oddne Skrede frå Helseatlas. No gjer dei fem seg klare for den siste oppkjøringa framfor stafetten.

  • Vi skal legge oss i skikkeleg hardtrening dei vekene som er att, seier dei med ein latter. - Som så mange andre har vi vore litt hemma av koronaen. Vi er litt laidback her og no, men når vi står på startstreken er det fullt alvor.

Damene har tru på at den nye løypetraseen kan fungere godt, og at den kan medverke til at deltakinga blir god.

  • Med litt kortare etappar blir terskelen for å delta sikkert lågare for mange, trur dei.

PS. Laget tel nett no fem løparar, så interesserte kan berre melde seg for å delta på ein av dei seks etappane!

Velkommen til Helse Førde stafetten 2022 😊
Minner om påmeldingsfrist 13.juni.

Av: Helse Førde Stafetten