Finansen stiller sterkt

02.06.2022

Klar for stafett

Finansbransjen stiller sterkt i årets Helse Førde-stafett. I dette tilfellet representert ved Sparebanken Sogn og Fjordane, som så langt har stabla to lag på beina og jobbar med det tredje. Bankfolka oppmodar alle andre bedrifter som kan stille lag, til å prøve å slå dei! 


  • Du kan seie at det eine laget vårt består av folk med kvasse sko og høgt utvikla konkurranseinstinkt, fortel Anders Campbell Pedersen i sparebanken. - Her er ambisjonen å prøve å vinne, vi kan jo ikkjeseie noko anna.
  • Det har vore ulike meiningar om årets stafett. Kva tykker du?
  • Som syklist er eg litt skuffa over at syklinga ikkje er med i år. Den gamle løypa var samtidig meir krevjande, så det bør vere lågare terskel for folk å delta i år. Det er uansett bra at ein prøver noko nytt, og så får ein heller justere litt dersom det er noko som fungerer mindre bra. Ingenting er hogd i stein her, går eg utfrå.
  • Og om Helse Førde-stafetten som fenomen?
  • Det er eit veldig godt tiltak og har blitt ein fin tradisjon i Sunnfjord. Eg trur folk tykkjer det er kjekt å bidra når vi har slike lokale arrangement!

Campbell Pedersen oppmodar flest mogeleg om å delta, spesielt finansbedrifter og spesielt konkurrerande kollegar i Sparebanken Vest!


Velkommen til Helse Førde stafetten 2022 😊
Minner om påmeldingsfrist 13.juni.

Av: Per