Ein fantastisk Helse Førde-stafett i mål for denne gong

02.06.2023

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Det vart ein strålande kveld ved Førde sentralsjukehus under Helse Førde-stafetten i går. Både deltakarar, tilskodarar og dei involverte skinte om kapp med kveldssola.

Helse Førde-stafetten 2023 blei opna av administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden. Han leia oss også trygt gjennom alle dei ulike løpa, som kveldens speaker, og viste si takksemd for innsatsen til alle involverte og oppmøtte.

Ved hovudinngangen hadde matforsyning rigga opp med grillar, og delte ut hamburger og pølser til alle deltakarar til stor begeistring. Beate Kårstad Støfring, frå løn- og personal, stod for oppvarming frå scena før stafettstart, og både små og store utøvarar kunne hive seg med i skadeforebyggande øvingar, bøy og tøy.

Heile 87 lag stilte til start i hovudstafetten, ei knippe spreke singelløparar, mosjonistar, samt ein stor og flott gjeng med barn deltok i barneløpa. ​​I rakettløypa for dei minste var det også stor aktivitet, med kniving om dei beste tidene for innstempling på dei ulike postane.

På scena fekk vi servert vakre tonar frå artisten Teo, som er ein av Vestlandet sine store, nye stjerner. 16-åringen har fått sin første A-listing med singelen "A million pieces", som han framførte for oss, i tillegg til at han spelte eit par andre rykande ferske songar. Den unge artisten er også å sjå som hovudrolleinnehavar i NRK-serien "Rykter" som rullar over TV-skjermen, på andre sesong.

Resultat frå stafetten

Marius Vedvik var soleklar vinnar i singelløp herrar, med tida 15:33. Han hadde også ankeretappen for Spenst Førde sitt stafettlag, som sprang inn til siger i hovudstafetten, med den sterke tida 15.10. Best av damene var Aina Hovlandsdal som kom i mål på tida 33:48. 

Kreative innspel sette farge på løpet

​Det var ingen tvil i at somme hadde lagt ned mykje arbeid i forkant for å tilføre farge og energi til stafetten. Best i kreativ klasse var sentralborddamene som stilte opp i fargerike 70-tals grilldressar med matchande panneband. Det var mange gode kandidatar til den kreative prisen, men vi gratulerer vinnaren, og mange fleire fortjener honnør for kreative innspel. Vi let oss begeistre av entusiasmen og kreativiteten!

Ei perfekt ramme

Sola skein frå skyfri himmel, og både deltakarar og publikum såg ut til å trivast i sjukehusparken og området rundt.

Vi set strek for årets stafett, og takkar for innsatsen til alle involverte. Det har blitt lagt ned mange timar innsats både før, under og etter stafetten, og resultatet vart strålande. No gler vi oss allereie til å ønske velkomen til neste års stafett. ​