Stafett Blogg

Startnummer kan hentast stafettdagen mellom kl 12 - 13 og 16 - 18.00. Du møter oss ved sjukehusinngangen.

Har du tenkt over at Helse Førde-stafetten er meir enn ei tørr fysisk utfordring? 15. juni blir dagen då du slepp å lage middag heime, og i staden tek med familien ut til eit deilig gratismåltid, mosjon og sosialt samver!
- Dette blir ein folkefest, seier Torstein Solset, avdelingssjef for matforsyning i Helse Førde.
Denne dagen serverer vi...

Tysdag hadde kirurgisk avdeling felles trening for alle sine tre lag, mot Helse Førde stafetten. Målet med stafetten er at det skal vere noko sosialt utanom arbeid, og å fremje fysisk aktivitet. Dette har kirurgisk avdeling fått smaken på!

Veidekke stille sjølvsagt med lag til Helse Førde Stafetten. Dette er eit viktig tiltak/arrangement som fremjar positiv haldning til fysisk aktivitet.

Proresult AS er blant dei mange små og mellomstore bedriftene vi ventar å sjå på startstreken under årest Helse Førde-stafett. Dei deltok også i 2019, då dei var blant dei svakaste laga. I år er målet å heve nivået, fortel Sigurd Kjelsnes i Proresult.

​​Toppleiinga i Helse Førde ønskjer å vise seg frå ei sporty side under årets Helse Førde-stafett, og stiller på startstreken. Dei oppmodar alle andre som kan om å gjere det same. Gå ikkje glipp av denne sjansen til å slå sjefane! ​

Rakettløype for barn! Møt opp ved startseglet innan kl 17.10. Starten er kl. 17.20. Løypa går på sjukehusområdet.
Det er ingen påmelding og gratis å delta. Bli med då vel!

I år har kirurgisk sengepost heile 3 lag som stiller til stafett! Dei har tenkt å satse knallhardt på Helse Førde stafetten sidan det er tre år sidan sist. No arrangerar dei fellestrening for alle tre laga fram mot stafetten.